Ny grafisk profil

Hansen & Eknes AS vart stifta i 1988 og feirer 25 år i 2013. I samband med jubileet vil me fornya logoen vår.

Me innrømmer gjerne at det sat langt inne. Logoen er innarbeida og godt kjent gjennom mange år. Det er difor viktig for oss å ta med oss elementer frå den utgåande logoen inn i den nye. Til venstre i logoen ser de HE-ikonet, elegant lagt inn mellom dei blå og grå boksane.

Overgangen til den nye profilen vil skje gradvis. I tida framover vil de difor kunne sjå den gamle eller den nye logoen på våre maskiner, køyretøy, skilt og trykksaker m.m.

Me sjølve er svært nøgd med resultatet og håpar at de likar vår nye utsjånad.

Bortsett frå endra logo er me framleis Hansen & Eknes AS - spesialistar på grunn- og betongarbeid og ein trygg samarbeidspartnar for deg.

Hansen & Eknes AS

Org. nr.:
948 099 896 MVA

Adresse:
5283 Fotlandsvåg


Tommy Hansen
908 71 519
tommy@hansen-eknes.no

Stig Eknes
908 54 429
stig@hansen-eknes.no

Hansen & Eknes AS © 2010